gustavwentzel

Livsløpet til Gustav Wentzel:

1859: Fødd i Christiania. Faren var av bøhmisk glasblåsarslekt, hadde salmakerverkstad. Mora var frå garden Grepperud i Høland.

1879-80: Nils Bergslien målarskule i Christiania.

1880: Studiereise Hallingdal-Voss-Hardanger.

1881: Studiereise Valdres.

1882: ”En snekkersvenn”, refusert av Christiania Kunstforening. Førte til opprør blant kunstnarane i Christiania. Dei organiserte ei eiga kunstnarutstilling med statsgaranti. Dette vart den fyrste ”Statens Kunstutstilling”, seinare kalla ”Høstutstillingen”.

1882: Studiereise til Paris.

1883: Fritz Thaulows friluftsakademi på Modum.

1884: Studiereise Paris, Academie Julian.

1884-86: Høland, Båtstad (slekt).

1882-: Måla mange portrett og interiør, td. ”Frokost I”, ”Dagen derpå”, ”I fiskernaustet”, ”Et konfirmasjonsgilde”, ”Føderådsfolk”, ”Frokost II. Alle er i Nasjonalgalleriet.

1888-89: Reiste til Paris med ”Statens stipendium”. Studerte ved Leon Bonnats målarskule og akademi, dit unge impresjonistar frå mange land søkte.

1889: Gifta seg med Marie (”Kitty”) Bætzmann den 17. mai. Medalje på Verdensutstillinga i Paris (100 år etter Revolusjonen) med bildet ”Morgenstemning”, seinare innkjøpt av Nasjonalgalleriet.

1889: Studietur til Hallingdal.

1890: Busette seg i Gjetemyrveien i Christiania.

1890-92: Gullmedalje Verdensutstillinga i Argentina.

1891: Studietur til Sætesdal. Måla ”Dans i Sætesdalen”, innkjøpt av Nasjonalgalleriet, heng i Høgsterett på kontoret til høgsterettsjustitiarius.

1892-: Fløtte til Asker, kjøpte villaen ”Hasselbakken” og vart med i kunstnarreppen der. Venskap med m.a. Hulda og Arne Garborg og sonen Tuften (Arne Olaus Fjørtoft Garborg, Norges fyrste riksbibliotekar). Tuften var fleire gonger på besøk i Lom.

1896: ”En sjømanns siste ferd”. Måleriet viser ei likferd i Asker med det reine norske flagget i flaggborg på kvar side av sleden med kista. Ein provokasjon skreiv ein unionsvenleg kunskritiker i ”Morgenbladet”. Utstilt på ”Salonen” i Paris og innkjøpt av den franske stat i 1897.

1901: Studiereise til Italia, ma. kystbyen Nervi (Ei dør i Gustavstugu har motiv frå der) og Roma. Reiste vidare til Paris.

1901: Huset i Asker seld på tvangsauksjon. Familien Kitty, Gustav og to søner (Jørgen og Bjørn) reiser til Vågå, budde på Nordigard Sandbu.

1902: Vågå. Budde på Kvarberg. Måla ”Utvandrere”.

1904-: Budde i Asker på Borgen. Måla og reiste. Var og i Nord-Gudbrandsdalen.

1908: Gustav Wentzel blir utnemnt til ridder av 1. klasse av Den Norske Sankt Olavs orden.

1909: Statens Kunstakademi oppretta ved kongeleg resolusjon: Tre professorat, to i målarkunst. Christian Krohg, Halfdan Strøm, Oluf Wold Torne og Gustav Wentzel vart innstilte. Dei to fyrste fekk professorata, utnemnde i Statsråd 22. sept 1909.

1910: Heimen vart oppløyst, Kitty og Gustav separerde.

1910: Korrigerte på Harriet Backers malerskole.

1910-11: Stipendreise til Munchen.

1913: Gullmedalje internasjonal utstilling Munchen.

1914: Norge 100-års markering. Deltok på ”Jubileumsutstillingens kunstavdeling”, kom i konflikt med juryen.

1914: Budde på Sve i Vågå. Seinare Sandbu og Øy.

1915: Fløtte til Lom, kjøpte småbruket Høgbrenna i Lia.

1917: Sonen Jørgen og kona Magnhild Prestjordet frå Skjåk kjøpte garden Furuheim i Lia.

1919: Gustav bygde ei tvihøg timrastugu i Furuheim, der han busette seg og hadde ateleier i fyrste høgda. Dette huset står på garden enda. Måla mange fine interiør og landskap. Som tidlegare oppteken av ljoset.

1920: ”Kvinne kjerner smør”, frå garden Hunn i Lia i Lom. Innkjøpt av Nasjonalgalleriet.

1923: Kitty Wentzel kjøpte småbruket Haukdalen i Lia i Lom og busette seg der.

1927: Død av lungebetennelse og gravlagd ved Lom stavkyrkje.